Walthers billige søster
Walthers billige søster er super for oss som framleis ikkje er lei av sinkhus, men som kanskje syns at dei originale Walthers-husa er noko stive i prisen. Eg har to originale Walthershus altså, men dei vågar eg ikkje setje ut i stormen. Då gjer denne billige søstera susen. Betalte 199 kr på Kremmerhuset for sinkhuset og er direkte knallglad for kjøpet (Huset er nedsatt frå 269 kr til 199 kr). Søren heller, trur eg må tilbake og kjøpe fleire - fin julegåve dette. Dagens lunsjpause skal derfor tilbringast på Kvadrat.
House doctor matta som eigentleg bur innomhus vart brukt til å kamuflere stygg trapp. Det var eit av sommarens prosjekt - å få flislagt trappa altså - men så langt kom me ikkje. Pytt. Noko skal me gjere til neste år også :)
Fin mandag til deg som er innom !
This entry was posted on at 11:41 PM and is filed under Sinkhus, Utandørs. You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0. You can



