Tjuvstart
Ikkje verst.
To årstider på ei helg.
I går: full sommar, solbriller og singlet.
I dag: Juleførebuingar med pepperkakebakst.
Skal absolutt ikkje starte jula enno altså.
I promise.
Ein gammal pepperkakedeig frå forrige førjulstid.
Utgått på dato og all slags.
Perfekt søndagssyssel for bakemester harepus og vennene hans.
Resultatet var ikkje akkurat så veldig julete heldigvis.
Det gjekk mest i elgar, høner og sneglar.
Og små minihus.
De skal få sjå meir av både minihus og pepperkakekreasjonar litt nærare jul.
I dag måtte me berre varme opp, he he.
Glasuren frå boka Knas er alfa og omega for vellukka pepperkakepynt (sjølv om eg aldri har hatt i kremortartari, samt at eg har i mykje meir melis enn oppskrifta seier). Så veit du kva oppskrift du skal bruke til kakehuspynting i desember liksom. Dei gamle prøveposane frå lab'en då eg tok hovudfag for sånn cirka tohundreår sidan er geniale som melissprøyter.
Ha ein flott søndagskveld der ute :)
This entry was posted on at 12:34 PM and is filed under Jul. You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0. You can









