Små glimt
Er det ikkje eit vanvittig merkeleg vèr om dagen? I det eine øyeblikket styrtregnar det, og i det neste skin sola. Då eg kom heim frå jobb i stad, var det så fint lys at eg la meg rett på sofaen og nytte synet av den einaste ryddige kroken i huset. Prøvde fokusere på noko anna enn bileta som heng på halv åtte uti gangen, for ikkje å snakke om sokkane mine som ser aldeles falma ut i solskinet. Kjende solstrålene varma sånn cirka ti sekund før det atter var svarte skyer og pøsregn. Då var det slutt på freden, her er det berre å henge i for å få huset i sjakk.
Eg er såpassa gammal at eg har vore gjennom ørti epokar interiørmessig. Artig å ta i bruk igjen ting eg har hatt under andre interiørmessige forhold. Sist ut er dei brune syltekrukkene mine. Slike har eg samla på i mange år, og sist dei hadde sin glansperiode her i huset var veggene sennepsgule ;) Syltekrukker vart brukt til matoppbevaring før Norgesglasa kom på banen. Eg har berre fire krukker trass i åresvis sparing - ikkje lette å få tak i og prisen er som oftast hårreisande.
Strikkedilla herjar framleis om dagen, og jakka til Simon nærmar seg ferdig. Trass i at eg har 1.5 arm igjen å strikke, har eg alt festa i knappar....utolmodigheten sjølv som styrer pinnane her serru. Har allereie hundrevis av andre prosjekt eg vil gjere, og då er det vanvittig kjedeleg med armar i perlestrikk.
Jepp, det var dagens små glimt herifrå. Ha ein fin tirsdagskveld der du er!
This entry was posted on at 9:23 AM and is filed under Stemning. You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0. You can



