Skogens konge i sofakroken





Nok eit kjøkkenhandkle frå By Nord har fått nytt liv som putetrekk. Denne gong er det skogens konge som litt sånn impulsivt vart omsydd. Hadde ei storopprydning i eit skap i går, og der dukka handkleet opp. Innkjøpt med pute i tankane, men truleg trykt inst inn i eit skap i kampens hete. Ute av syne, ute av sinn. Symaskina stod lageleg til på kjøkkenbenken, så då var det heldigvis fort gjort.

Dei grå sofatrekka er noko av dei luraste investeringane som er gjort i dette huset. Dei kvite trekka måtte vaskast kvar tredje veke helst. Dei grå er nyvaska for første gong. På vaskeanvisninga står det MÅ RENSES, men som de ser så gjekk det aldeles flott å vaske dei på 40 grader i vaskemaskina.

I mangel på fine stormlykter frå Tine K har eg fyrt opp i tomme blomsterpotter. Skapar stemning det også, medan stormlyktene står på ønskelista.

Ha ein flott mandagskveld.
Ciao

PS! Takk for responsen på pepperkakeinnlegget :)