På 'an igjen
Eg er verdas treigaste når det kjem til å framkalle bilete og ikkje minst få dei limt inn i album. Utruleg synd i grunn for ungane elskar jo å sjå på bilete og mimre. Ja, me vaksne syns jo at det er ganske kjekt også.
På Glansdagen i Oslo var eg (og dei andre som deltok) så heldig å få gåvekort på 500 kr frå Foto Knudsen. Gåvekortet måtte nyttast innan 30. september. Eg sa jo nettopp at eg er verdas treigaste, og sat derfor oppe til langt på natt før fristen gjekk ut. Puh. Eg kunne jo ha valgt fotobøker og andre kjekke produkt, men valde i stadan å framkalle over 300 bilete. Leveringstida var kort og kvaliteten på bileta var fantastisk bra. Foto Knudsen var firmaet eg og mange andre alltid sendte filmrullane til i gamle dagar. Nå har eg gjenoppdaga dei, og skal bruke dei framover har eg tenkt.
Nå gjenstår det berre å få limt bileta inn i album då...det er neste bøygen liksom, he he. Mammasamvittigheita er imidlertid litt betre i kveld. Eg har nemleg, ni månadar etter barnehagestart for Simon, limt på bilete og skrive tekst til bilder av familien som skal til barnehagen. På tide gitt, og godt for sjela å få det fullført. Korleis er det med deg? Er du flink til å framkalle bilete og lage til album?
Finfin kveld til deg med eller utan lim og album framfor deg :)
Smileull: Her kan du lese meir om den fantastiske stolen min
Lill: gyngestolen er ein Eames Rocking chair som finst i mange butikkar dei sel designmøblar.
This entry was posted on at 12:53 PM and is filed under Foto. You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0. You can


