Lemonade og Bjørg


Mmmmm, what a lovely day. Steikande sol, shortsvèr og terassekos er ikkje daglegdags på første dag i oktober. Me feira begivenheten med å sprette lemonade-flaskene me har spart på i kjøleskapet. Lemonaden kjøpte eg på den superkoselege butikken Buketten på Halsnøy, og smaken var formidabelt god. Mmmm. Gode var også brownies'ane innkjøpt på eit konditori inni sentrum i formiddag (den franske kafèen i Søragato). Farleg gode.



Medan ungane leika rundt oss, nytte eg nokre minutt i solstolen og bladde vidare i Bjørgs Univers.

Eit av dei desiderte høgdepunkta under forrige helgs interiør-messe var møtet med Bjørg. Ja, Bjørg Torhallsdottir. Kunstnaren Bjørg. Bjørg som lagar dei finaste kunstverk. Bjørg som starta Hjertefred. Kunstverka hennar er om mogleg enno betre nå etter at eg har lese den nye boka hennar (forfatta saman med Marit Gaare Laache (sjå bilete lengre ned)). Eg anbefalar boka på det sterkaste.

Bjørg er hjartevarm som få andre, som om ho er godheiten sjølv. Nydelege Bjørg som har ei enorm tiltrekkingskraft. Då eg møtte blikket hennar følte eg at ho såg rett inn i sjela mi. Eg vart både rørt og lukkeleg over å møte henne, og som sagt så var dette møtet ein av grunnane til at forrige helg var så fantastisk kjekk som ho var. Sukk :) Her har eg knipsa nokre bilete frå boka mi, men sikre deg ditt eige (helst signerte) eksemplar du også:




Akkurat som sønnen til Bjørg, mista eg pappaen min som liten, og fleire av bileta hennar går derfor rett i sjela på meg. Slik er det heilt sikkert for alle som har mista nokon nære. 


Akkurat  trykket Æsj, mamma syns eg er så fantastisk bra, he he.  Som Bjørg seier: Vi prøver å overøse barna med kjærlighet, men det er ikke alltid like populært.

Guri, i kveld kjenner eg at eg kunne ha babla og babla vidare både om møtet med Bjørg, kunstverka hennar og alt mogleg anna. Men eg avsluttar nå, før de får gnagsår i augene :) Før eg gjer meg, kan eg jo spørre om kva som er din favoritt frå Bjørg Torhallsdottir?

God laurdagskveld og natt til deg. Satsar på at søndagen vert like fin, klem klem