Finally Corokia in da house
I det siste har eg vore på jakt etter Corokia, og i dag var lukka endeleg med meg. Makan til fin og lettstelt plante skal ein leite lenge etter. Ekstra fint vart det med kvite strandsteinar frå britiske strender til å dekke over jorda med. Berre så synd at så få blomsterbutikkar har plantene for salg, men det kjem seg forhåpentlegvis med tida. Tippar dette er det nye oliventreet. Oliventre var ikkje å oppdrive for ein fem-seks år sidan, i sommar kunne ein kjøpe oliventre både på Ikea og blomsterbutikken på hjørna. Slik var det forresten med Dronning Ingrid pelargoniane også. Hugsar eg fekk ein stikling av ein kollega, og eg passa den som om den var babyen min omtrent ;) Dei siste åra har dei fleste blomsterførande butikkar hatt dronningene for sal. Eg har gått i metning, og i år var første sommaren utan tandre dronninger i hagen.
Men du, nok om mote innan blomsterverda. Har du hatt ein fin laurdag? Me har stulla heime, vore ein rask tur på handel og nytt nokre etterlengta solstråler. Herlich!
God natt klem herifrå :)
This entry was posted on at 1:29 PM and is filed under Corokia. You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0. You can



