Fabelaktig messe

Kul (?) lampe frå italienske Moooi.
 Bodil og Tine K i lystig samtale.




 AC Home sin fine stand.


 Uten Silo frå Vitra.

Riviera Maison sin fine stand. 

 Franskmannen som driv La Fabrique har kjæreste med hytte på Halsnøy.

Eat my muffin hadde dei beste muffinsane.

Jøje meg, seier eg berre. 
Helga er over.
Messa er over. 
Bergensturen er over.
Halleluja. 
Dette må vere tidenes beste messe. 
Venninnetur. Latterkrampe. Halvore Bakke. Bloggfrukost. Tine K. Inspirasjon. Bjørg Torhallsdottir. 
Tårer. Tyting. Gledestårer. Eting. Skjønne bloggbabyar. Meir latter. Sofaprat. Meir inspirasjon. Flinke Trude - messegründeren. Eplevimplar.
Eg skamkoste meg i Bergen. Traff mange super fantastiske bloggedamer. Takk for sist forresten. Traff nokre skjønne vener frå før-i-tida (blant anna to kjekkingar frå Sogndal og Stadt ;) Traff mange eg skulle ha snakka meir med. Det får me ta igjen neste gong.
Skulle hatt fleire bilder frå andre stands. Blant anna Pihls Paradis. Skulle ha tatt mange fleire bilder med folk på. Ta deg ein tur innom Kjerstis Lykke, Bodil Bo, Karnas Hus, Fru Fly, Duse Pasteller, Sommerlyst, Mus Mei, Vestablikk, Pink Lady, Bondekona, så får du sjå fleire bilder frå messa- ja, kanskje fleire det er folk på også.


Eg vart sååå inspirert av alle inntrykk frå messa, så nå MÅ eg snart endre på det eine og det andre her i huset. Men nå: klesbretting og støvsuging. Går som ein leik når humøret er på topp :)

Ciao

PS! Har du bilder frå messa i din blogg? Legg igjen ein kommentar, så skal eg oppdatere oversikta over alle som har bilder derifrå.