Byens beste ?

 Før:
 

 Etter:



Eg har funne Stavangers beste frisør. Klipper og styler meg akkurat slik eg likar. Eg fann henne heilt tilfeldig dagen før Dagbladet skulle komme og lage reportasje om meg i fjor. Etter det har eg tviholdt på henne, og fulgt henne frå salong til salong (samme kjede). Er du som meg på jakt etter ein skikkelig flink frisør som har ledig plass til kundar (det trur eg ho har iallefall) - ring til Maren på Svømmehallen Hårdesign/Hair and There svømmehallen. Hair and There har nyleg tatt over den litt meir tradisjonelle Svømmehallen Hårdesign, men frykt ikkje - Maren er verkeleg kanonflink med saks og fargekost. Maren anar verken om dette innlegget eller denne bloggen altså, så dette er verken sponsing eller snikreklame, berre eit tips om ei jente som er superflink med saksa. Har nemleg inntrykk av at "alle" flinke frisørar her i byen har fulle lister og ikkje tar inn nye kundar.

Kan også nevne at Bergens flinkaste frisør heiter Asle og jobbar på Hårgalleriet på Lagunen

Ha ein hårfin mandag :)